Opna hovudmenyen

Karianne Arntzen Band er ei musikkgruppe frå Sandnes/Stavanger som spelar visepopjazz med nære tekstar på dialekt. Medlemmer er Gjermund Sivertsen, Karianne Arntzen, Roar Skjelbred, Stene Osmundsen og Vidar Kvamme Schanche.[1]

Gruppa vart skipa i 2005 og hadde sin første konsert, for spesielt inviterte, i Valbergtårnet i Stavanger under by:larm i februar 2005.[2] Dette gav dei oppslag i lokalpressa og fleire spelejobbar i rogalandsdistriktet. Sommaren 2005 var dei eit av banda som fekk opptre på Norwegian Underwood, talentscena til festivalen Norwegian Wood. Sidan debuten har dei spelt eit 60-tals konsertar, mellom anna på Egersund Visefestival, Cementen, Tribute, Viser ved Kanalen, Folken i Stavanger, Kulturnatt Haugesund m.fl. Bandet fekk fonogramstøtte av Fond for utøvende kunstnere i desember 2006. Bandet gav hausten 2007 ut plata I går kveld til sterke kritikkar landet rundt. Oppfølgjaren Sant blei òg nemnd i gode ordelag, spesielt arrangementene, tekstane og lydkvaliteten. Jan Eggum og Jan Ingvar Toft var med på kvar sin duett.

UtgjevingarEndra

  • I går kveld ‎(Via Music, 2007)
  • Sant (Via Music, 2011)

KjelderEndra

  1. «Karianne Arntzen Band», Discogs (på engelsk), henta 29. mai 2019 
  2. Karianne Arntsen Band Arkivert 27. januar 2010 på Wayback Machine. Aftenbladet.no

BakgrunnsstoffEndra