Karianne Christiansen

Karianne Christiansen (24. februar 194930. oktober 1976) var ein norsk alpin skirennar som vann ti NM-gull i tida 1968-72, tre i både slalåm og storslalåm og to kvar i utforrenn og i kombinasjonsøvinga. Ho var medlem av Sportsklubben Njård.

Karianne Christiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. februar 1949
Tønsberg
Død 30. oktober 1976 (27 år)
Idrett alpint
Tok del i Vinter-OL 1972

Christiansen tok si fyrste NM-medalje då ho som 17-åring fekk bronse i storslalåm på Oppdal i 1966. To år seinare vart ho norsk meister i slalåm i Ørsta og sikra seg bronsemedaljar i storslalåm og utfor. I 1969 vann ho både slalåm, storslalåm og kombinasjonen under noregsmeisterskapen i Hemsedal, og tok sølv i utforrennet. Ved VM i alpine greiner 1970 i Garmisch-Partenkirchen kom Christiansen på tiandeplassen i utfortevlinga og vart nummer åtte i kombinasjonen. Seinare i 1970-sesongen kopierte ho under NM på Oppdal medaljehausten frå forrige sesong med tre gull og eitt sølv, sølvmedaljen kom i storslalåm. Under NM i alpine greiner 1971 på Voss rann ho inn til triumf både i storslalåm og utfor. Vinteren 1972 deltok ho i Vinter-OL i 1972 i Sapporo og vart som best nr 21 i utforrennet. Christiansen avslutta sine år som aktiv med å vinne gullmedaljen i storslalåm under NM 1972 på Bjorli i Oppland, framfor unge Toril Førland.

Karianne Christiansen omkom 27 år gammal i ei ulukke med bil ved Gol.

Kelder

endre
  • Sportsboken, aktuelle årgangar.