Toril Førland

Toril Marit Førland (fødd 24. april 1954) er ein norsk tidlegare alpinist frå Bærum. Ho fekk bronsemedaljen i kombinasjonen i verdsmeisterskapen i alpint 1972, og vann fem NM-gull i perioden 1971-74. Førland var medlem av Bærums Skiklub.

Toril Førland
Fødd 24. april 1954 (68 år)
Oslo
Yrke alpinist

AktivEndra

Førland tok sine fyrste verdenscuppoeng i mars 1970, knapt 16 år gammal. To år seinare vann ho gull i storslalåm og sølv i slalåm under junior-VM i Madonna di Campiglio. Ho deltok så i Vinter-OL 1972 i Sapporo. Der tok ho bronsen i kombinasjonsøvinga, som den gongen var ei VM-tevling beståande av resultata frå dei olympiske tevlingane i høvesvis slalåm og utfor.

I dei to fylgjande sesongane plasserte Førland seg seks gongar mellom de ti fremste i verdscuprenn. Hennar beste resultat var ein fjerdeplass i slalåm i Chamonix i januar 1973. Under VM i alpine greiner 1974 vart ho nummer åtte i både slalåm og utfor, noko som gav ein femteplass i kombinasjonen.

Førland vart norsk meister i slalåm tre år på rad, 1971-73. I 1973 vart ho norsk meister også i storslalåm, medan ho i 1974 sikra seg gullmedaljen i utfor under noregsmeisterskapen i alpine greiner på Oppdal. Mellom 1971 og -75 tok Førland 11 NM-medaljar i alpint (5-2-4). Ho la opp i 1975.

Førland vart i 1972 tildelt Porsgrunds Porselænsfabriks Ærespris.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar