Karibspråk

(Omdirigert frå Karibisk språk)

Karibiske språk er ein språkfamilie som hovudsakleg er utbreidd i nordlege Sør-Amerika. Han omfattar av 20 til 30 nolevande språk som til saman har rundt 50 000 talarar. Dei største karibiske språka er macushi, pemón og karibisk. Macushi med rundt 30 000 talarar er det einaste av språka som blir brukt av fleire enn nokre få hundre eller tusen.

Pemón
Klassifisering: je-tupi-karibspråk (føreslått)
Område: Nordlege Sør-Amerika
Brukarnamn: pémonfolk
Talarar: 50 000
Utbreiinga av karibiske språk i Sør-Amerika rundt år 2000, med mogleg utbreiing rundt 1600.

Dei fleste karibiske språka er utbreidde rundt nordkysten av Sør-Amerika, frå Andesfjella i Colombia til munningen av Amazonas. Det finst også nokre døme i sentrale Brasil.

Karibiske språk er kjende blant språkforskarar gjennom hixkaryana, som kan vera det første språket ein har studert med objekt-verbal-subjekt som den vanlege setningsoppbygginga.

Inndeling endre

Ein har ikkje nok data om språka til å klassifisera dei fullstendig i grupper. Denne lista byggjer på Gildea (2012), med dei best funderte greinene først, og berre to utdøydde språk tekne med.[1]

Uklassifisert:

Apalaí
Atruahí (Waimirí atroarí)
Yukpa: Yukpa, japréria

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Spike Gildea, 2012, "Linguistic studies in the Cariban family", in Campbell & Grondona, eds, The Indigenous Languages of South America: A Comprehensive Guide. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.