Karin
kvinnenamn
Karin er eit kvinnenamn, ei kortform av Katarina, som kjem frå gresk katharos 'rein' eller 'kysk'. Det blir også stava Carin, Caryn og Karyn. Karen og Karina er nærskylde variantar av namnet.
Karin har norsk og svensk namnedag den 2. august.
Bruk
endreNamnet Karin har tradisjonelt vore særs vanleg i Tyskland og i Sverige, der det har vore i bruk sidan midten av 1400-talet. Ved byrjinga av 2006 hadde totalt 170 229 personer i Sverige namnet.
Karin er også utbreidd i Noreg, med 13 388 namneberarar i 2012 (SSB). Det var mest brukt i tidsrommet 1935-1945, då det blei gjeve til rundt 1,7 % av alle nyfødde jenter.
Kjende namneberarar
endre- Karin Månsdotter, svensk dronning
- Karin Magdalena Bergquist, svensk forfattar
- Karin Bang, norsk forfattar
- Karin Boye, svensk forfattar
- Karin Dreijer, svensk musikar
- Anne Karin Elstad (f. 1938), norsk forfattar
- Karin Fossum (f. 1954), norsk forfattar
- Karin Glenmark, svensk musikar
- Karin Krog (f. 1937), norsk jazzsongar
- Karin Larsson-Bergöö, svensk kunstnar, gift med Carl Larsson
- Karin Lyberg, svensk forfattar
- Karin Rehnqvist, svensk komponist
- Karin Sveen (f. 1949), norsk forfattar
Bakgrunnsstoff
endre- Norsk namnestatistikk for Karin hjå Statistisk Sentralbyrå