Carl Larsson
Carl Larsson (28. mai 1853–22. januar 1919) var ein svensk kunstmålar og heiminnreiar.
Carl Larsson | |
Sjølvportrett av Carl Larsson med dottera Brita. | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 28. mai 1853 Storkyrkoförsamlingen, Stockholm |
Død |
22. januar 1919 (65 år) |
Yrke | akvarellmaler, illustratør, kunstmålar, grafikar, grafikar, teiknar, skribent, bygningstegner |
Sjanger | portrettmåleri, sjangermåleri, landskapsmåleri, akt, figurmåleri |
Medlem av | Grezkolonien |
Far | Olof Larsson |
Mor | Johanna Carolina Erika Larsson |
Ektefelle | Karin Larsson |
Born | Brita Larsson, Suzanne Larsson, Ulf Larsson, Pontus Larsson, Lisbeth Larsson, Mats Larsson, Esbjörn Larsson, Kersti Larsson |
Carl Larsson på Commons |
Larsson var fødd i Stockholm og voks opp i ein fattig familie, men då han var 13 oppmuntra læraren hans guten om å søka seg til Konstakademien. For å betala for dette og forsørga seg sjølv måtte han arbeida, mellom anna som retusjør for ein fotograf, samstundes som han studerte.
I 1877 hadde han spara nok pengar til å kunne dra til Paris, målarhovudstaden, som han vende tilbake til i 1880. Sommaren 1881 vitja han kunstnarkolonien Grèz-sur-Loing nær Fontainebleu der han byrja å måla akvarellar av naturen rundt seg. Deretter såg han etter motiv i nærleiken sin, til dømes kona Karin Larsson-Bergöö og den nyfødde dottera deira i Ateljéidyll.
Larsson vann tevlinga om å dekorera det svenske nasjonalmuseet i 1891, og måla fresker på dei seks veggane, mellom anna Gustaf Wasas intåg i Stockholm Midsommarafton 1523 og Gustav II Adolf landstiger i Tyskland. Seinare dekorerte han mellom anna òg det nye Operahuset og Kungliga dramaten.
Familien flytta til Sundborn i 1888, til eit hus far til Karin hadde gjeve dei, og som paret innreidde på kunstnerisk vis. Larsson tok til å måla familielivet igjen, og kona, Suzanne, Lisbeth, Kersti og resten av dei åtte barna er å sjå i talrike daglegdagse situasjonar. Desse blei samla i firfargeverket Ett hem i Dalarne (1897) som kom ut i store opplag og påverka både innreiing og handverk i Sverige.
Carl Larsson døydde i Falun.
Kjende måleri
endre- 1883 - I köksträdgården
- 1883 - Gubben och nyplanteringen
- 1884 - Lilla Suzanne
- 1886 - Friluftsmålaren
- 1888-89 - Rokoko-Renässans-Nutida konst
- 1890-1891 - Svenska kvinnan genom seklen
- 1905 - Potatisplockning
- 1908 - Selma Lagerlöf
- 1891-1908 - Gustaf Wasas intåg i Stockholm Midsommarafton 1523
- 1910-1915 - Midvinterblot
Bibliografi
endre- 1895 - De mina. Gammalt krafs av C.L.
- 1899 - Ett hem
- 1902 - Larssons
- 1906 - Spadarvet. Mitt lilla lantbruk.
- 1910 - Åt solsidan
- 1913 - Andras barn
- 1931 - Jag (självbiografi)
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Carl Larsson nettstad Arkivert 2007-11-19 ved Wayback Machine.
- Carl Larsson Arkivert 2005-03-10 ved Wayback Machine.
- Carl Larsson Gallery Arkivert 2005-07-10 ved Wayback Machine.