Karin Moe

Karin Moe (fødd 3. desember 1945) er ein norsk forfattar og litteraturkritikar, busett i Vedavågen. Moe skriv dikt, prosa og sjangeroverskridande tekstar; og ho blir skildra som «den forfattaren som i størst grad synest å realisere ein avantgardistisk praksis som overskrid så vel sosiale som estetiske grenser.»[1]

Karin Moe
Fødd 3. desember 1945 (76 år)
Skien
Yrke skribent, litteraturkritikar

Moe har utgjeve bøkene Kjønnskrift, 1980; 39 FYK, 1983; KYKA/1984, 1984; Mordatter, 1985; Sjanger, 1986; Blove, 1990; Blove 2. bok, 1993; JO. Å lesa Bibelen 1995, 1995.

Ho mottok Mads Wiel Nygaards legat for 1990, og har òg motteke Dalgards kritikarpris. I 2013 fekk ho Doblougprisen.[2]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Wenche Larsen: Gutane til avantgarden i Klassekampen, 19.3.2003
  2. «Doblougska priset» (svensk). Svenska Akademien. 28. mai 2013. Henta 7. september 2017.