Karl Alexander Müller
sveitsisk fysikar
Karl Alexander Müller (20. april 1927–9. januar 2023) var ein sveitsisk fysikar. Müller mottok Nobelprisen i fysikk i 1987, saman med Johannes Georg Bednorz, «for oppdaginga deira av eit superleiande oksid i keramisk materiale».
Karl Alexander Müller | |||
Alex Müller i 2001. | |||
Fødd | 20. april 1927 Basel | ||
---|---|---|---|
Død | 9. januar 2023 Zürich | ||
Nasjonalitet | Sveitsisk | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Universitetet i Zürich IBM Research – Zurich | ||
Alma mater | ETH Zürich | ||
Kjend for | Høgtemperatur-superleiar | ||
Medlem | Det saksiske vitenskapsakademiet National Academy of Sciences Det polske vitenskapsakademi Det russiske vitskapsakademiet Slovenias akademi for vitenskap og kunst |
Müller vart utdanna frå Eidgenössische Technische Hochschule Zürich, og var lektor ved Universität Zurich fram til han i 1963 vart tilsett ved IBMs forskingssenter i Rüschlikon. Her jobba han fram til han gjekk av med pensjon, og dreiv spesielt med låge temperaturar, mellom anna varmeleiingseigenskane til oksidsambindingar.
Verk
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Karl Alexander Müller» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.