Karl Frederik Feilberg

Karl Frederik Feilberg (6. juni 18281909) var ein norsk skulemann og religionsfilosof frå Skien.

Feilberg var adjunkt i Kristiansand frå 1854, der etter overlærar i Molde frå 1863. I 1875 fekk han rektorjobben ved Kristiansand Katedralskole, ei stilling han hadde til 1895. På sine eldre dagar vekte han omfattande interesse som religionsfilosofisk tenkjar med bøkene Om Kulturbevidsthed og Gudsbevidsthed (1893), Til Mysteriets Theori (1897) og Hvad skal vi forstaa ved Aand (1900), arbeid som handla om «spørsmål som heng saman med religiøs tru».

Kjelder

endre

Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1953