Opna hovudmenyen

Karl Oskar Emberland (fødd 1. september 1968) var hovudtrenar for Sogndal. Han vart tilsett vinteren 2006 etter at dåverande trenar Stig Nord og assistentrenar Johann Sigurdsson gjekk av etter at dei opplevde mistillit frå styret. Hausten 2009 var tida hans i Sogndal over, og Harald Aabrekk overtok. Han har tidlegare trena Vard Haugesund i 10 år. I 2005 var han sportsleg administrativ leiar i Vard Haugesund. No jobbar han på eit forskingsprosjekt innan fotballen, samt tar vidareutdanning som trenar.

Karl Oskar Emberland

Karl Oskar Emberland.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. september 1968
Idrett fotball
Yrke fotballtrenar

KjelderEndra