Karl Schranz (fødd 18. november 1938) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå St. Anton am Arlberg i Tirol som vann verdscupen i alpine greiner både i 1969 og 1970. Han vart dobbeltvinnar under VM i alpine greiner 1962 med sigrar i utfor og kombinasjonen og vart verdsmeister i storslalåm i 1970. Schranz vann 12 renn i verdscupen.

Karl Schranz

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 18. november 1938 (85 år)
St. Anton
Yrke alpinist
Språk tysk
Høgd 175 centimeter
Nettstad http://www.karlschranz.com
Karl Schranz på Commons

I 1972 vart Schranz grunna brot på amatørreglane utestengd frå vinter-OL i Sapporo. Etter utestenginga la Schranz opp som alpinist.

Schranz bidrog mykje til at VM i alpine greiner 2001 vart arrangert i heimbyen St. Anton, der han eig og driv eit hotell.

Merittar endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar