Karla
kvinnenamn
Karla og Carla er kvinnenamn avleia av Karl, Carlos og liknande. Ettersom desse namna tyder 'fri mann' kan Karla seiast å tyda 'fri kvinne'. Namn i nær slekt er Karoline og Carola.
Det er 253 kvinner som heiter Karla og 121 som heiter Carla i Noreg (SSB 2006).
Karla har svensk namnedag den 28. januar, saman med Karl.
Kjende namneberarar
endre- Carla Bley (f. 1938), USA-amerikansk jazzmusikar
- Carla Bruni (f. 1968), italiensk modell og musikar
- Carla Capponi (1921–2000), italiensk motstandskvinne
- Carla Del Ponte (f. 1947), sveitsisk advokat, tilsett ved SN
- Carla Eck (1919–2001), svensk skodespelar
- Carla Gugino (f. 1971), USA-amerikansk skodespelar
- Carla Sacramento (f. 1971), portugisisk distanseløpar
- Carla Thomas, (f. 1942), USA-amerikansk songar
- Karla Faye Tucker, første avretta kvinne i USA på lang tid.
Geografi
endre- Karla er namnet på ei elv i Tatarstan og Tsjuvasjia i Russland.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Karla hjå Statistisk Sentralbyrå