Karolinarane
(Omdirigert frå Karolinar)
Karolinarane (av Carolus, latinisert form av namnet Karl) er nemninga på soldatane til den svenske kongen Karl XII som styrte frå 1697 til 1718.
I Noreg er karolinarare mest kjende for felttoga mot Trøndelag og Oslo og ikkje minst Fredriksten festning i Halden.
Dei deltok i slaget på Norderhov i 1716 og i Armfeldts felttog i Trøndelag der ein stor del av styrken omkom i Tydalsfjella under tilbaketrekking vinteren 1719. 3000 soldatar omkom under marsjen til Sverige.