Den karolinske dødsmarsjen

Den karolinske dødsmarsjen eller katastrofen på Øyfjellet viser til den katastrofale tilbaketrekkinga til den svenske karolinske armeen kommandert av Carl Gustaf Armfeldt over fjella i Tydal i Trøndelag rundt nyår 1718-1719.

Felttoget til Armfeldt i Trøndelag, 1718-1719. Dateringar er i følgje den julianske kalenderen.
Den store nordiske krigen

Bakgrunn endre

I 1718, etter fleire nederlag i den store nordiske krigen, hadde Sverige mista dei austlege områda sine til Russland. Dei var for svekte til å vinne attende desse, og Karl XII av Sverige planla eit åtak på Noreg for å tvinge dansk-norske kong Fredrik IV til store konsesjonar i ein påfølgjande fredsavtale.

Etter nederlaget ved Storkyro, trekte generalløytnant Carl Gustaf Armfeldt seg attende til området Gävle med den maltrakterte armeen frå Finland. Han fekk no ordre om å gjere eit avleiingsåtak frå Jämtland mot Trondheim i Trøndelag med dei dårleg utrusta soldatane sine. Etter å ha samla saman 10 000 soldatar i Duved, sette han avstad mot Noreg den 29. august 1718. Fire månadar seinare hadde felttoget i Trøndelag mislukkast. Forsvararane i Trondheim hadde klart å halde Armfeldt attende. Armeen på 10 000 hadde minka til kring 6 000 mann, og dei overlevande soldatane var slitne og svoltne, kleda deira slitne og i filler. Dårleg vêr gjorde det umogeleg å få forsyningar frå Sverige, så armeen måtte leve av det dei fann, noko som påførte den norske sivile folkesetnaden stor naud.

Etter at Karl døydde den 11. desember 1718 under omleiringa av Fredriksten, fekk alle dei svenske styrkane i Noreg ordre om å trekkje seg attende til Sverige. Armfeldt fekk melding om dødsfallet til Karl den 7. januar 1719, då styrken hans var i Haltdalen i Gauldal med om lag 6 000 mann. Han valde å ta den kortaste ruta til Sverige, først over fjella til Tydal og frå der over Tydalfjella til fortet Hjerpe. Så langt hadde vinteren vore mild med lite snødekke. Ski var derfor ikkje naudsynt, men armeen var dårleg utstyrt og slitne etter felttoget i Trøndelag.

Avreisa til Sverige endre

Den 8. januar 1719 la armeen ut frå Haltdalen og marsjerte til Tydal, ein avstand på nesten 30 km. På grunn av det kalde vêret, fraus om lag 200 mann i hel i fjella. 11. januar var armeen til Armfeldt samla ved gardane Ås og Østby i Tydal, nesten 5800 mann totalt. Ein fortropp på 14 skigåarar vart send over til Jämtland for å førebu ankomsten til hovudarmeen i Sverige.

Armeen forlet Østby morgonen den 12. januar 1719, i lag med den norske guiden Lars Bersvendsen Østby, som vart tvinga til å hjelpe fienden etter at svenskane tok to kvinnelege slektningar som gislar[treng kjelde]. Vêret var særs kaldt, men det var ikkje noko snøfall. Avstanden til grenda Handöl i dagens Åre kommune er om lag 55 km. I mildt vêr kunne armeen ha nådd Jämtland på to dagar.

Stormen endre

Denne ettermiddagen råka ein kraftig snøstorm området, der den kraftige vinden kvervla opp den lette snøen. Dette førte til dårleg sikt og bitande kulde, og Armfeldt måtte slå leir på nordsida av Øyfjellet ved vatnet Essand. Soldatane prøvde desperat å halde seg varme med å brenne dvergbjørker, lyng, sine eigne geværkolber og sledar, men det var ikkje nok. Om lag 200 mann fraus i hel den første natta.

Stormen heldt fram dagen etter og retretten vart no kaotisk då soldatane var spreidde i åsane. Hovuddelen av styrken nådde den svenske grensa og slo leir ved Enaälven. Det vart hakka eit hòl i isen for å sjå kva veg elva rann, for i den retninga låg redninga. Men det dårlege vêret heldt fram. Mange av arbeidshestane døydde og alt utstyret måtte forlatast på fjellet. Stormen rasa framleis den 14. januar då dei første soldatane leia av Armfeldt nådde Handöl. Dei fleste av dei overlevande nådde Handöl den 15. og 16. januar. Om lag 3 000 mann vart att i fjellet, ihelfrosne. Under reisa ned til Duved, der ein hadde sett opp losji for soldatane, døydde enno 700 mann. Om lag 600 av dei 2100 overlevande soldatane vart invalide for livet.

Etterverknad endre

 
Karolinermonumentet, eit minnesmerke i Duved til minne om karolinarane som døydde under den karolinske dødsmarsjen.

Den 18. januar sette norske major Emahusen ut opp i fjella etter den svenske armeen. Han fann fleire hundre døde karolinarar. Hestane som framleis var i live sprang rundt utan ryttarar, medan andre hadde kollapsa, framleis festa til fullasta sledar, der føraren framleis heldt tøylene i eit frose grep.

Nordmennene tok mykje bytte denne vinteren. Dei fann massevis av sverd og rifler, og seks mindre kanonar på fjellet. Bygdefolket plyndra dei døde for støvlar, frakkar, verdisaker og våpen. Geværløpa vart nytta som beslag i eldstader eller som akslingar i møllesteinar.

Etter at folket var ferdig vart resten bytte for rovdyra. Ulv, jerv og rev tok sin del av dei døde svenskane. Ei lokal segn hevda lenge at desse fjelltraktene var det beste jaktområdet for pelskledde dyr.

I Brekka Bygdetun i Tydal vert «Karolinerspelet» halde annakvart år i januar, som dramatiserer hendinga i dødsmarsjen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre