Karadah

(Omdirigert frå Karrada)

Karrada (arabisk كرّادة, Karrāda) er ein øvre mellomklassebydel i Bagdad i Irak. Folkesetnaden er blanda med ein sjiamuslimsk majoritet og ein større kristen minoritet. Han er ein av dei mest religiøst mangfaldige i byen og ein av to store bydelar med eit kristent samfunn i Bagdad, i lag med Dora. Alle kristne i distriktet held til i Indre Karrada, der dei fleste kyrkjene står. Bydelen er delt inn i to mindre område, Nazaith og Masbah. Karrada ligg nord på ei halvøy i ein sving i elva Tigris. Det vart bygd mykje langs elvebreidda og vore medverkande til at området er ein dyr bydel i dag.

Karadah
distrikt
Land  Irak
Guvernement Bagdad
By Bagdad
Koordinatar 33°18′N 44°26′E / 33.300°N 44.433°E / 33.300; 44.433
Kart
Karadah
33°18′00″N 44°26′00″E / 33.3°N 44.433333°E / 33.3; 44.433333
Kart som viser Karadah.
Kart som viser Karadah.
Kart som viser Karadah.
Wikimedia Commons: Karrada

Karrada har vore utsett for mange terroriståtak gjennom åra,[1][2] dels på grunn av den store kristne busetnaden og rikdomen her. Området er elles relativt fritt for sektvesen, og dei som bur her lever ganske godt i lag. Flyselskapet Al-Naser Airlines har hovudkvarteret sitt i Karrada, i eit område like ved det private sjukehuset Al Jadirya.[3] 3. juli 2016 førte eit terroristbombeåtak til at minst 340 menneske mista livet på ein kveldsmarknad nær slutten av ramadan.[4]

Kjelder

endre
  1. «Car Bombs Kill Over a Dozen in Central Baghdad's Karrada Area», www.aol.com (på engelsk), henta 7. februar 2019 
  2. «Hostages die in Iraq church siege» (på engelsk). 1. november 2010. 
  3. «Contact Us». Al-Naser Airlines. Arkivert frå originalen 15. februar 2011. Henta 13. februar 2011. «Main Branch: Al-Karrada , Babil Region - Distrlct 929 [sic] - St21 - Home 46 - Beside Al Jadirya Private Hospital. [...] Iraq- Bagdad» 
  4. Hassan, Falih. «Bombings kill more than 120 in Bagdad». NYT. NYT.