Kartli (ქართლი kʰartʰli) er ein historisk region i sentrale til austlege Georgia. Han ligg kring elva Mtkvari (Kura), som den georgiske hovudstaden Tbilisi ligg ved.

Den historiske Kartli-regionen i dagens Georgia.

Kartli var kjend som «Iberia» i antikken. Området spelte ei viktig rolle i danninga av ein georgisk nasjon i mellomalderen. Kartli hadde ikkje strengt definerte grenser, og dei har variert gjennom historia. Etter delinga av kongeriket Georgia på 1400-talet blei Kartli eit eige kongedøme med Tbilisi som hovudstad. Dei historiske Kartli-områda er no delt mellom fleire administrative regionar i Georgia - særleg Shida Kartli, Kvemo Kartli og Samtskhe-Javakheti.

Kjelder endre