Opna hovudmenyen

Kvemo Kartli ('Nedre Kartli') er ein region i Georgia. Administrasjonssenteret ligg i byen Rustavi.

Kvemo Kartli (ვემო ქართლის მხარე )
region
Kojori Georgia.jpg
Land Flag of Georgia.svg Georgia
Areal 6 528 km²
Folketal 497 530 (2002[1])
Kvemo Kartli in Georgia (Georgian view).svg
Wikimedia Commons: Kvemo Kartli

Regionen ligg sør i Georgia. Han grensar til regionane Samtskhe-Javakheti i vest, Shida Kartli, Mtskheta-Mtianeti og Tbilisi i nord og til Kakheti i aust. I sør har han riksgrense mot Armenia og Aserbajdsjan.

Kvemo Kartli er ein av regionane i Georgia som er mest økonomisk utvikla. Han har nest mest industriell produksjon i landet etter Tbilisi. Regionen omfattar 7 byar: Rustavi, Bolnisi, Gardabani, Dmanisi, Tetritsqaro, Marneuli og Tsalka, 8 daba eller mindre byar: Didi Lilo, Kojori, Kazreti, Manglisi, Tamarisi, Shaumiani, Bediani og Trialeti, og 338 landsbyar.

KjelderEndra

  1. Georgia Regions Statoids.com

BakgrunnstoffEndra