Kasper
mannsnamn
Kaspar og Kasper er mannsnamn av persisk opphav. Dei kjem frå Gaspar som er avleidd frå det gamle kaldeiske ordet gizbar som betyr 'skattmeister'. Namnet er kjent frå tradisjonen om dei tre vise menn som ifølge Juleevangeliet vitja Jesusbarnet, og er utbreidd med mange former i den kristne verda. Kasper har namnedag den 6. januar i Sverige og Polen og den 9. mai i Noreg. 9. mai har også Caspar namnedag i Danmark.
Variantar av Kasper er italiensk Gaspar, engelsk Casper, polsk Kacper, ungarsk Gáspár, latvisk Kaspars, tysk Jasper og nordisk Jesper.
Namneberarar
endre- Kaspar, ein av dei tre vise menn/heilage tre kongar
- Kaspar Aquila (1488-1560), tysk bibelomsetjar
- Johan Caspar de Cicignon (ca. 1625-1696), dansk-norsk general, ingeniør og byplanleggar
- Casper Herman Hausmann (1653-1718), dansk-norsk general
- Caspar Wessel (1745-1818), norsk matematikar
- Caspar Kauffeldt (1773-1843), norsk glasblåsar
- Caspar David Friedrich (1774-1840), tysk målar
- Johan Caspar Herman Wedel-Jarlsberg (1779-1840), norsk politikar
- Kasper Sund (1848-1907), norsk stortingsmann
- Bo Kasper Sundström (1961-), svensk musikar
- Gaspar Noé (1963-), fransk filmregissør
- Kaspar Villiger, sveitsisk politikar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kasper» frå Wikipedia på bokmål, og «Casper (name)» frå Wikipedia på engelsk den 9. mai 2009.
- «Kasper» i Store norske leksikon, snl.no.