Kassittar

Wikimedia-listeartikkel

Kassittar var eit folk i det gamle Nære Austen. Dei kontrollerte Babylonia etter at det fyrste babylonske dyanstiet fall rundt 1595 f.Kr. fram til rundt 1155 f.Kr. Namnet til kassittane for seg sjølve var truleg galzu,[1] men dei er også blitt omtalt som kaššu, kassi, kasi og kashi.

Kassittisk Kudurru-stele av den kassittiske kongen Marduk-apla-iddina I, no ved Louvre.

Kassittane fekk kontroll over Babylon etter at hettittane erobra byen i 1595 f.Kr. (eller 1531 f.Kr. etter den korte kronologien), og skipa eit dynasti som fyrst hadde base i Babylon og seinare i Dur-Kurigalzu.[2][3] Det 500 år lange styre deira la grunnlaget for utviklinga av seinare babylonske kulturar.[3] Stridsvogna og hesten, som kassittane tilba, kom fyrst i bruk i Babylonia på denne tida.[4]

KjelderEndra

  1. Trevor Bryce, 2009, The Routledge Handbook of the Peoples and Places of Ancient Western Asia: The Near East from the Early Bronze Age to the Fall of the Persian Empire, Abingdon, Routledge, s. 375.
  2. «The Old Hittite Kingdom». Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica, Inc. Henta 8. september 2012. 
  3. 3,0 3,1 «The Kassites in Babylonia». Encyclopædia Britannica. Henta 8 September 2012. 
  4. «Kassite (people)». Encyclopædia Britannica. Henta 8. september 2012.