65°43′N 24°10′E / 65.717°N 24.167°E / 65.717; 24.167

Kart over Kataja.

Kataja er ei lita øy sør for Haparanda i Norrbotten og det austlegaste punktet i Sverige. Øya har eit areal på 0,71 km², er om lag 2 km lang og 200-500 meter brei. Namnet «Kataja» er finsk for einer.

Øya er delt mellom Sverige og Finland. Grensa vart fastlagd i 1809 mellom det som tidlegare var to øyar, den større svenske øya kalla Kataja og den mindre finske kalla Inakari. I tiåra etter 1809 har landheving etter den siste istida ført til at eit område mellom dei to øyane steig opp av sjøen, og gjorde dei til ei enkel øy.

Kjelder endre