Katedralskule var opphavleg ein skule knytt til domkyrkjer (katedralar). Skulane vart oppretta for å utdanne prestar til teneste i dei lokale kyrkjene. Dei tidlegaste norske katedralskulane kom truleg i gang på 1100-talet i Bjørgvin, Nidaros og Oslo.[1] Dei skulane i Noreg som i dag nyttar nemninga «katedralskule» er vidaregåande, allmennfaglige skular drivne av det offentlege.

Trondheim katedralskole.
Foto: Fredrik Holmberg

Det er i dag katedralskular i Trondheim, Bergen, Oslo, Stavanger, Hamar og Kristiansand. Av desse er Trondheim katedralskole rekna som den eldste. Roskilde katedralskole blir rekna som den eldste i Danmark og Lunds katedralskola i Sverige.[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. Norsk Allkunnebok VIII. 1956