Trondheim katedralskole

(Omdirigert frå Katedralskulen i Trondheim)

Trondheim katedralskole er ein vidaregåande skole som ligg mellom Torget og Nidarosdomen i Trondheim sentrum. Skolen er den eldste i Noreg. I dag tilbyr han undervisning i fire utdanningsprogram: studiespesialisering, International Baccalaureate, musikk/dans/drama og media og kommunikasjon.

Trondheim katedralskole
Grunnlagd1152
KommuneTrondheim kommune
Nettstadhttp://www.trondheim-katedral.vgs.no/
Kart
Trondheim katedralskole
63°25′43″N 10°23′46″E / 63.4286°N 10.3961°E / 63.4286; 10.3961
Trondheim katedralskole.
Foto: Fredrik Holmberg

Skolen er første gongen nemnd i Soga om Håkon Håkonson då kongen var vald til konge på Øretinget i april 1217. Skolen feira derfor eit 700-års jubileum 26. april 1917. Skolen feira eit 800-årsjubileum i 1952 i høve 800-jubileet for erkebispesetet i Nidaros sidan ein rekna med at det på dette tidspunkt var organisert undervisning i regi av bispesetet.

Tidligare rektorar

endre
  • 1340 er Meistari Sira Serkver Sigurdsson nemnd
  • 1522 er Mester magister Andreas nemnd som Nidrosiensis scholae rector
  • 1559 mester Kjeld Hanssøn Gås (1525–1578)
  • 1580 Peder Olufsønn Soop (Petrus Olai, død 1612)
  • 1597 Anfinn Olufsønn Soop (Amphion Olai, død ca. 1603)
  • 1603 Peder Anderssønn, sat eit halvt år
  • 1604 Mogens Pederssønn, avsett 1605
  • 1605 Elias Olufssøn Soop (–1642)
  • 1610 Nils Svendssønn Vandrup
  • 1614 Jon Olufssøn (Jonas Olai), kort vikariat før han flykta
  • 1614 Mikel Mogenssønn (Michael Magni Hasselius, 1590–1654)
  • 1618 Hans Søfrenssønn (Johannes Severini, –1660)
  • 1627 Anders Klaussønn (Andreas Claudius Holbeccensis, –1652)
  • 1652 Søfren Hanssønn (1623–1679)
  • 1658 Nils Skytte (1630–1667)
  • 1667 Simon Hof (1634–1708)
  • 1693 Anders Borch (1664–1709)
  • 1710 Nils Krog (1683–1738)
  • 1729 Hans Skanke (1679–1739)
  • 1734 Benjamin Dass (1706–1775)
  • 1751 Gerhard Schøning (1722–1780)

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne utdanningsartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.