Kathrin Schmidt
Kathrin Schmidt (fødd 12. mars 1958) er ein tysk forfattar.
Kathrin Schmidt | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 12. mars 1958 (66 år) Gotha |
Yrke | skribent, child and adolescent psychotherapist, samfunnsvitar, redaktør, lyrikar, science fiction-forfattar, journalist |
Kathrin Schmidt på Commons |
Liv og virke
endreKathrin Schmidt blei fødd i Gotha, der ho budde dei fyrste barneåra. Frå 1964 budde ho i Waltershausen. Etter Abitur (vidaregåande skule) studerte ho psykologi frå 1976 til 1981 ved universitetet i Jena. Deretter var ho vitskapleg assistent ved universitetet i Leipzig. Ho har vore barnepsykolog ved sjukehuset i Rüdersdorf, og ved barne- og ungdomsvernet i Berlin-Marzahn.
Schmidt studerte litteraturvitskap frå 1986 til 1987 ved Johannes R. Becher-instituttet i Leipzig. Etter at muren fall arbeidde ho ved Runden Tisch i Aust-Berlin. Frå 1990 til 1991 var ho redaktør i kvinnetidsskriftet Ypsilon, og arbeidde til 1993 som vitskapleg medarbeidar i Berliner Institut für Vergleichende Sozialforschung. Sidan 1994 har ho arbeidet som frilansforfattar, og er medlem av PEN Tyskland.
Kathrin Schmidt byrja å skriva og offentleggjera lyrikk allereie som ung. Dikta hennar peiker seg ut med streng metrikk, kraftfullt sanseleg språk og ein hyppig bruk av ordspel. Romanane hennar er blitt samanlikna med verka til Günter Grass og Irmtraud Morgner.
Den største suksessen hennar til no er romanen Du stirbst nicht.[1] Denne skildrar sjukdommen og rekonvalesensen til forfattaren Helene. Etter eit slaganfall må ho arbeida med den manglande kontrollen sin over kroppen, og læra seg språket på nytt.
I 2009 vann Katrhin Schmidt Den tyske bokprisen for Du stirbst nicht.[2]
Verk i utval
endre- Diktsamlingar
- Kathrin Schmidt. Poesiealbum (Lyrikreihe), 179. Ausgabe. Berlin 1982.
- Ein Engel fliegt durch die Tapetenfabrik. Neues Leben, Berlin 1987, ISBN 3-355-00382-4.
- Flußbild mit Engel. Suhrkamp, Frankfurt am Main 1995, ISBN 3-518-11931-1; Lyrikedition 2000, München 2000, ISBN 3-935284-14-4.
- Go-In der Belladonnen. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2000, ISBN 3-462-02933-9.
- Totentänze. Mit Karl-Georg Hirsch. Leipzig 2001.
- Blinde Bienen. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2010, ISBN 978-3-462-04193-4.
- waschplatz der kühlen dinge. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2018, ISBN 978-3-462-31812-8.
- sommerschaums ernte. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2020, ISBN 978-3-462-05390-6.
- Romanar
- Die Gunnar-Lennefsen-Expedition. Kiepenheuer & Witsch, Köln 1998, ISBN 978-3-442-73583-9.
- Koenigs Kinder. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2002, ISBN 3-462-03129-5.
- Seebachs schwarze Katzen. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2005, ISBN 3-462-03612-2.
- Du stirbst nicht, Kiepenheuer & Witsch, Köln 2009, omsett til norsk av Ute Neumann, med tittelen Du skal ikke dø, Gyldendal (2011) ISBN 9788202326647
- Du stirbst nicht. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2009, ISBN 978-3-462-04098-2.
- Kapoks Schwestern. Kiepenheuer & Witsch, Köln 2016, ISBN 978-3-462-04924-4.
Kjelder
endre- ↑ Ulrike Hempel: „Ich wollte Wörter hören“ (PDF; 1,01 MB) Buchbesprechung zu „Du stirbst nicht.“, in BERLINER ÄRZTE (Kammerblatt der Ärztekammer Berlin), Heft 03/2010.
- ↑ Buchpreis-Shortlist als Gesamtkunstwerk, focus.de
- Denne artikkelen bygger på «Kathrin Schmidt» frå Wikipedia på bokmål, den 2. oktober 2023.