Kathrine Kleveland
norsk politikar
Kathrine Kleveland (fødd 7. april 1966) er ein norsk politikar for Senterpartiet. Ho er leiar i Nei til EU frå 2014.[1] I Stortingsvalet 2017 var ho førstekandidat for Senterpartiet i Vestfold.
Kathrine Kleveland | |
![]() | |
Fødd | 7. april 1966 (56 år) |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | politikar |
Kleveland har vore leiar for Norges Bygdekvinnelag i seks år. Ho har vore styreleiar for i Stiftelsen Skolematens venner og vore engasjert i å utvikle eit nettverk for GMO-fri mat.[2] Innan eige politiske parti har ho vore leiar i Vestfold Senterparti og sentralstyremedlem. I 2013 var ho listetopp for Senterpartiet i Vestfold.
Kleveland har bakgrunn som grafisk designar. Ho er bonde på garden Bergan i Holmestrand, som ho driv med mann og barn.[3]
Frå 2021 er ho vald inn frå Vestfold og Senterpartiet til Stortinget.
KjelderEndra
- ↑ «Kathrine Kleveland ny leder i Nei til EU». E24. 30. november 2014. Henta 2. mars 2019.
- ↑ «Kathrine Kleveland foreslått som ny leder i Nei til EU». ABC Nyheter. 1. oktober 2014. Henta 2. mars 2019.
- ↑ «Kathrine Kleveland ny leder i Nei til EU». Tønsbergs Blad. 1. desember 2014. Henta 2. mars 2019.