Kati Wilhelm (fødd 2. august 1976) er ein tysk tidlegare skiskyttar og langrennar frå Schmalkalden i Thüringen i Tyskland. Ho vann i perioden 2001-09 fem VM-gull og tre OL-gull i skiskyting, i alt sanka ho 20 medaljar i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar sesongane 2001-10. Wilhelm vann verdscupen i skiskyting 2006 og kom på andreplass i 2005, 2007 og 2009.

Kati Wilhelm
2018-12-13 Pressekonferenz zur Vorbereitung des Biathlon-Weltcups und der Umbenennung der Ski-Arena StP 7404 LR10 by Stepro.jpg
Fødd 2. august 1976 (44 år)
Schmalkalden
Yrke skiskyttar, sportskommentator
Kati Wilhelm på Commons

AktivEndra

Wilhelm var skiløpar på heiltid frå ho var 19 år gammal, tilknytt den tyske hæren. Under OL i Nagano i 1998 deltok ho på det tyske stafettlaget i langrenn som enda på femteplassen. I 1999 skifta ho frå langrenn til skiskyting. I 2001 tok ho sitt første VM-gull på sprinten i Pokljuka. I OL i Salt Lake City i 2002 tok ho gull på sprint og stafett, og sølv på jaktstarten.

I 2005-sesongen vann ho tre verdscuprenn og kom på andreplass samanlagt. Året etter gjekk ho heilt til topps i verdscupturneringa, med gord margin til nummer 2, svenske Anna Carin Olofsson. Wilhelm var flaggberar for Tyskland under opningsseremonien til OL i Torino i 2006, og vann der jaktstarten.

Kortfatta merittlisteEndra

(pr. 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Beste plassering: 2. plass (2004/05)
  • Verdsmeisterskap:
    • 1 gull (sprinten, 2001), 2 sølv, 3 bronse
  • Olympiske leikar:
    • 3 gull (sprint og stafett 2002, jaktstart 2006), 3 sølv
  • Verdscuprenn:
    • 14 gull, 13 sølv, 6 bronse

BakgrunnsstoffEndra

.