Kattefotslekta
planteslekt
Kattefotslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. Desse er fleirårige ullhåra eller om lag snaue plantar med avlange utagga blad i rosett som kan danne tuver eller matter. Øvre delen av korgdekkblada er ei stiv blank hinne. Særskilde hannplantar og hoplantar. Fjellkattefot og grønkattefot har frøformeiring utan befruktning, og hannplantane er sjeldne.
Kattefotslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Gnaphalieae |
Slekt: | Kattefotslekta Antennaria Gaertn., 1791 |
Norske artar i kattefotslekta
endre- Kattefot (Antennaria dioica)
- Gaissakattefot (Antennaria nordhageniana)
- Filtkattefot (Antennaria alpina)
- Underart: Fjellkattefot (Antennaria alpina alpina)
- Underart: Grønkattefot (Antennaria alpina porsildii)
- Sølvkattefot (Antennaria villifera)
Kjelder
endre- Svensk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Kattfötter» frå Wikipedia på svensk, den 26. november 2010.