Filtkattefot
Filtkattefot (Antennaria alpina) er ei plante i korgplantefamilien, med ei amfi-atlantisk utbreiing (finst på begge sider av Atlanterhavet).
Filtkattefot | |
Filtkattefot | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Gnaphalieae |
Slekt: | Kattefotslekta Antennaria |
Art: | Filtkattefot A. alpina |
Vitskapleg namn | |
Antennaria alpina |
Filtkattefot er kring 8 cm høg, med blad som er lyst grålodne på undersida, og oftast også på oversida. Stengelen er kvitfilta. Korgdekkblad mørkt gråbrune, seinare gulbrune., smale og spisse på hoplanta, breiare og med oppflisa kant på hannplanta. Hannplanta er mykje meir sjeldsynt enn hoplanta. Elles har filtkattefot kvit fnokk, sjeldan lyst raudleg. Blømer kring juli i bakkar og på knausar til fjells, mest på kalkrik grunn. I Noreg er planta utbreidd frå Rogaland i sør til Finnmark i nord.
I Noreg finst det to underartar: Fjellkattefot og grønkattefot.
Kjelder
endre- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
- Denne artikkelen bygger på «Fjällkattfot» frå Wikipedia på svensk, den 17. juni 2010.