Kavajë
Kavajë er ein by og ein kommune i regionen Tirana i Albania. Kommunen ligg ved havet sentralt i landet sørvest for hovudstaden Tirana og grensar i nord til regionen Durrës.
Kavajë | |||
---|---|---|---|
Frå sentrum av Kavajë | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Tirana | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 414 km² | ||
Flatevidd - By |
199 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
40 094 | ||
Koordinatar | 41°11′0″N 19°34′0″E / 41.18333°N 19.56667°E | ||
Høgd over havet | 8 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://kavajajone.al | |||
Plassering | |||
Kavajë kommune innafor regionen Tirana |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kavajë vart slått saman med landkommunane Synej, Luz i Vogël, Golem og Helmas.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kavajë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 20 192 innbyggjarar, medan dei fem kommunane som i dag utgjer storkommunen Kavajë, til saman hadde 40 094 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
endreFram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Kavajë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Kavajë.[2]