Kavir nasjonalpark

Kavir nasjonalpark er eit verna, økologisk område nord i Iran. Det strekkjer seg over 4 000 kvadratkilometer. Parken ligg 120 km sør for Teheran og 100 kilometer aust for Qom, i vestenden av ein av dei to store ørkenane i Iran, Dasht-e Kavir. Siahkuh (Svartfjellet), er eit stort, halvsirkelforma fjell som ligg omtrent midt i parken.

Kavir nasjonalpark
ørken
Landsat 7-bilete av Kavir nasjonalpark.
Land  Iran
Koordinatar 34°38′05″N 52°26′00″E / 34.6347°N 52.4333°E / 34.6347; 52.4333
Kart
Kavir nasjonalpark
34°38′05″N 52°26′00″E / 34.6347°N 52.4333°E / 34.6347; 52.4333
Wikimedia Commons: Kavir National Park

Parken omfattar både ørken og steppe, og vert stundom kalla «Vesle Afrika» på grunn av det safari-aktige dyrelivet, inkludert geiter (Capra aegagrus), sau (Ovis orientalis),[1] stripehyene, indisk ulv, gaseller, den sjeldne asiatiske geparden og persisk leopard. Typisk får området kring 150 mm med regn kvart år, som stort sett kjem mellom november og mai. Vegetasjonen i regionen er tilpassa det tørre og salthaldige jordsmonnet.

Namaksjøen (Saltsjøen) ligg like utafor parken. Dette er i røynda ei saltsump, og vatn flyt inn i innsjøen frå nord via Qomelva, som òg renn gjenom den nordlege delen av Kavir nasjonalpark. Qom er ei av særs få permanente elvar i heile ørkenområdet i Iran. Kavir nasjonalpark ligg i den sentrale provinsen Semnan og dekkjer eit område på 440 000 mål.

Kjelder endre

  1. Mohammadian,H. Mammals of Iran. Shabpareh Publishing Institute. Teheran, Iran.2005.ISBN 964-94487-9-9.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kavir nasjonalpark