Opna hovudmenyen

Kawkaban (arabisk كوكبان) er ein by i nordvest i Jemen. Han har eit festningsverk og ligg kring 2800 meter over havet. Byen er bygd på toppen av ein bratt fjelltopp, med ein mur i nord og elles befesta i alle andre retningar av naturen. Han var hovudstaden til Bani Sharaf Al-Deen på 1400-talet. Det var eit jødisk samfunn i byen fram til det forsvann midt på 1900-talet. Frå byen er det flott utsyn utover landsbygda.

Kawkaban
landsby
Kawkaban.jpg
Port i Kawkaban
Land Flag of Yemen.svg Jemen
Guvernement Sana'a guvernement
Koordinatar 15°30′N 43°54′E
Tidssone Jemen standardtid (UTC+3)
Yemen location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kawkaban

Det ligg fleire gamle moskear i byen: Almadrasa, Almansoor, Alsharefa og Harabat. Den gamle marknaden ligg midt i byen. Ein kan òg sjå gamle cisterner i festningsbyen, kalla Meseda, Alasdad og Sedalhamam.

Tidleg på 1900-talet vart fjellandsbyen vitja av den tyske eventyraren Hermann Burchardt, som i mai 1902 skreiv: «Kawkaban er i dag ein heilt fråflytta by, som for berre 40 år sidan hadde 30 000 innbyggjarar, men no berre nokre få hundre. Han har òg eit jødisk kvarter, der det framleis bur nokre familiar.»[1] Av dei meir kjende innbyggjarane i byen, finn ein den jødiske diktaren Zechariah Dhahiri.

KjelderEndra

  1. Hermann Burchardt, Die Juden in Jemen, in: “Ost und West”, Berlin 1902, s. 340.