Kazuyoshi Funaki

Kazuyoshi Funaki (fødd 27. april 1975) er ein japansk skihoppar.

Kazuyoshi Funaki

FunakiKazuyoshiOkuryama2014.jpg

Statsborgarskap Japan
Fødd 27. april 1975
Yoichi
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Asiatiske vinterleker 2011, Asiatiske vinterleker 2003, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp

Utmerkingar

Holmenkollmedaljen

I OL 1998 i Nagano vann han gull i storbakkerennet og i lagkonkurransen, og sølv i normalbakken. Han har vunne hopprennet i Holmenkollen, og blei verdsmeister i skiflyging i 1998. I 1999 blei han tildelt Holmenkollmedaljen.

Han er den einaste japanaren som har vunne den tysk-austerrikske hoppveka samanlagt, noko han gjorde hoppsesongen 1997/98.

KjelderEndra