Kebandemningen
Kebandemningen er ein steinfyllingsdemning for flaumkontroll og irrigasjon i Tyrkia. Han er bygd på elva Eufrat i provinsen Elazığ i søraustre Anatolia. Bygginga gjekk føre seg frå 1965 til 1975.
Demningen er 210 meter høg. Reservoaret over han er på 675 km², med eit volum på 31 mrd. m³. Installert vasskrafteffekt er 1 330 MW. Ved konstruksjonen vart det utgraven ein arkeologisk funnstad her – Norsun Tepe.
Det er 5 demningar på Eufrat i Tyrkia. I rekkjefølgje ovanfrå er dei: Kebandemningen (1 330 MW), Karakayademningen (1 800 MW), Ataturkdemningen (2 400 MW), Birecikdemningen (670 MW) og Karkamisdemningen (180 MW).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kebandemningen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- GAP Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine. – statusen til prosjektet i år 2000.