«Kedvesem», kjend som «Kedvesem (Zoohacker Remix)» i samband med Eurovision Song Contest, var det ungarske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på ungarsk av ByeAlex. Songen er skriven av Alex Márta og Zoltán Palásti Kovács.

«Kedvesem (Zoohacker Remix)»
Eurovision Song Contest 2013
Land Ungarn
Artist(ar) Alex Márta
Alias ByeAlex
Medverkande Helga Wéber (støttevokalist)
Dániel Kővágó (gitarist)
Språk Ungarsk
Komponist(ar) Alex Márta
Zoltán Palásti Kovács
Låtskrivar(ar) Alex Márta
Resultat
Semifinalepoeng 66
Semifinaleplass 8
Finalepoeng 84
Finaleplass 10
Ungarn i Eurovision Song Contest
«Sound Of Our Hearts»
(2012)
«Kedvesem (Zoohacker Remix)»

A Dal 2013

endre

ByeAlex sendte inn den ungarskspråklege songen «Kedvesem» til Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA) og vart vald ut til å delta i A Dal 2013, den ungarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraget deltok i den andre kvartfinalen, gjekk vidare til den andre semifinalen og gjekk til slutt vidare til finalen. I finalen vann bidraget telefonrøystinga og fekk representere Ungarn.

Eurovision Song Contest 2013

endre

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok Ungarn med ein remiks av songen med tittelen «Kedvesem (Zoohacker Remix)». Saman med Mónika Hoffmann hadde ein òg skrive eit refreng på svensk, men fekk ikkje framføre dette i tevlinga av di tidsfristen gjekk ut før den nye teksten var klår. Ungarn deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 og enda på åttandeplass med 66 poeng; tolv frå Sveits, ti frå Tyskland, åtte frå Finland, sju frå Albania, seks frå Belgia og Romania, fire frå San Marino, tre frå Israel, Georgia og Frankrike og to frå Latvia og Noreg. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget åttandeplass med ei rangering på 8,39 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med ei rangering på 8,55. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[1] Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 18. mai 2013 der dei enda på tiandeplass med 84 poeng; tolv frå Tyskland, ti frå Finland og Sveits, åtte frå Albania, sju frå Nederland, seks frå San Marino og Bulgaria, fem frå Litauen, fire frå Estland og Kroatia, tre frå Sverige og Italia og to frå Hellas, Noreg og Serbia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget åttandeplass med ei rangering på 8,19 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 21. plass med ei rangering på 15,59.[1] Dette var den tredje beste plasseringa til eit ungarsk bidrag og Kedvesem vart dimed eit av dei mest suksessfulle ungarske bidraga fram til 2013.

Andre versjonar

endre
  • «Kedvesem (Zoohacker Remix)», Eurovisionversjon
  • «Kedvesem (Zoohacker Remix)», svensk refreng
  • «One For Me», engelsk versjon

Listeplasseringar

endre
Liste (2013) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[2] 56
Belgia (Ultratip Vallonia)[3] 46
Finland (The Official Finnish Download Chart)[4] 22
Tyskland (Media Control AG)[5] 39
Ungarn (Rádiós Top 40)[6] 1
Ungarn (Singel Topp 40)[7] 1
Island (Tonlist)[8] 23
Nederland (Mega Single Top 100)[9] 35
Sverige (DigiListan)[10] 10

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Eurovision Team (28. mai 2013). «Split results of Eurovision 2013 revealed» (på engelsk). Henta 29. mai 2013. 
  2. "Ultratop.be – ByeAlex – Kedvesem" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  3. "Ultratop.be – ByeAlex – Kedvesem" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  4. The Official Finnish Downloads Chart
  5. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  6. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Rádiós Top 40 játszási lista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
  7. "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ" (på ungarsk). Singel Topp 40. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
  8. «Icelandic Singles Chart». Tonlist.is. Henta 21. mai 2013. 
  9. "Dutchcharts.nl – ByeAlex – Kedvesem" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  10. «DigiListan 2013-05-26». Sveriges Radio. Henta May 26, 2014.