Cornelis Arie Verkerk (fødd 28. oktober 1942), kjend som Kees Verkerk, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Maasdam. Han vart verdsmeister på skeiser i 1966 og 1967, europameister 1967 og i 1968 olympisk meister på 1500 meter. Verkerk er gift med ei norsk kvinne og busett i Kristiansand.

Kees Verkerk

Kees Verkerk i 1968
Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda
Fødd 28. oktober 1942 (81 år)
Binnenmaas
Yrke skøyteløpar
Kees Verkerk på Commons

Verkerk slo gjennom i 1964-sesongen då han noko overraskande vann sølvmedaljen på 1500 m under Vinter-OL 1964 i Innsbruck. To vintrar seinare vart han verdsmeister i Göteborg og kom på andreplass ved EM i Deventer. I 1967 tok han både EM-tittelen i Lahti og forsvarte VM-tittelen i Oslo. Verkerk vann så gullmedaljen på 1500 m og tok sølv på 5 000 m då Vinter-OL 1968 fann stad i Grenoble. I 1969-sesongen måtte han nøye seg med EM-sølv og VM-bronse i firkampen. Den sistnemnde medaljeplassen kopierte han både ved firkamp-VM 1970 og 1971, samt i EM 1971. Han sikra seg si siste internasjonale medalje under Vinter-OL 1972 i Sapporo, sølvmedaljen på 10 000 meter.

I tida frå februar 1967 til mars 1970 sette Verkerk åtte verdsrekordar i skeiseløp. Tre av rekordane kom på 1500 m, to på kvar av 5 000 m og i firkamp, og ein på 10 000 meter.

Kjelder endre

  • (en) Kees Verkerk – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.