Deventer er ein kommune og by i Nederland i provinsen Overijssel. Byen ligg i regionen Salland og har om lag 100 000 innbyggjarar. Deventer ligg på austsida av elva IJssel, men små delar av kommunen ligg òg på vestsida. I 2005 vart den vesle kommunen Bathmen (med 5 000) slått saman med Deventer.

Deventer
by
Solnedgang i Deventer.
Flagg
Våpenskjold
Land  Nederland
Provins Overijssel
Areal 134,33 km²
Folketal 101 236 (1. januar 2021)[1]
Kart
Deventer
52°15′N 6°12′E / 52.25°N 6.2°E / 52.25; 6.2
Kart som viser Deventer.
Kart som viser Deventer.
Kart som viser Deventer.
Wikimedia Commons: Deventer

Deventer har ein jernbanestasjon langs den viktige linja Amsterdam / UtrechtAmersfoortOsnabrückBerlin / Hamburg og langs GroningenZwolleArnhemNijmegen. Han ligg òg ved motorvegen A1, 90 km frå Amsterdam. Vegen går vidare til Berlin.

Deventer vart truleg grunnlagd av den engelske misjonæren Lebuinus rundt 768, som bygde ei trekyrkje her ved breidda av IJssel. Dette var ikkje den første busetnaden i området, som har vore busett sidan bronsealderen. I seinmellomalderen var byen medlem i Hansaen og var ein av byane som dreiv handel på Bryggen i Bergen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Deventer