Keipane er eit fjell som ligg på sørsida av Geirangerfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal.

Keipane
fjell
Keipane sett frå nord, frå overgangen mellom Geiranger og Eidsdal. Blåhornet stikk sovidt opp bakom fjellet til venstre for toppen på Keipane.
Land  Noreg
Område Stranda (Møre og Romsdal)
Høgd 1 379 moh.
Kart
Keipane
62°05′25″N 7°09′58″E / 62.0903°N 7.16598°E / 62.0903; 7.16598

Ein når øvste ryggen på fjellet greit ved å starte frå Homlong nede ved fjorden og kome opp på vestsida. Sjølve toppunktet krev klyving i eit bratt og smalt parti. Også frå aust kan fjellet nåast.

Frå Keipane ser ein rett ned til bygda Geiranger og inste del av fjorden. Her fotografert frå fjellryggen vest for toppen.