Stranda kommune

kommune i Møre og Romsdal

Stranda er ein kommune i Møre og Romsdal. Han ligg ved Storfjorden på Indre Sunnmøre. Kommunesenteret er Stranda. I kommunesenteret og bygdene rundt bur det knapt 3 400 innbyggjarar, men bygdene Geiranger (250 innbyggjarar), Hellesylt (680 innbyggjarar), Liabygda (260 innbyggjarar) ligg òg i kommunen. Sentrum med kyrkja er oppført på garden Sløgstad (òg kalla Slyngstad). Den første postadressa (namnet på postopneriet) var «Slyngstad» eller «Slyngstad i Stranden», frå 1876 berre kalla «Stranden», endra til «Stranda» i 1921.[1]

Stranda kommune
kommune
Storfjorden from Riksvei 650.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Stranda
Areal 866 km²
 - land 846 km²
 - vatn 20 km²
Folketal 4 421 (1. januar 2023)
Målform nynorsk
Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp)
Kommunenr. 1525
Kart
Stranda
62°10′0″ N 6°58′0″ E
NO 1525 Stranda.svg
Wikimedia Commons: Stranda
Nettstad: www.stranda.kommune.no

GeografiEndra

For meir om dette emnet, sjå Høgaste fjella i Stranda.

Fjellområdet Åkerneset i Sunnylvsfjorden er rekna som ustabilt, og eit ras der kan skapa ei flodbølgje som vil ramma fleire av tettstadene. Fjellet er derfor nøye overvaka.[2]

Næringsliv og utdanningEndra

Stranda har to vidaregåande skular: Den private kristne internatskulen Vestborg vidaregåande skule og den fylkeskommunale Stranda vidaregåande skule.

Industriverksemd er hovudnæringa i kommunen, og i tillegg til kjøt- og møbelindustri ligg mellom anna den største fabrikken for frosen pizza i Noreg her. Der lagar dei den kjende Grandiosa-pizzaen.

Reiselivsnæringa har lange og sterke tradisjonar i kommunen. Geiranger vart tidleg eit reisemål, og alt i 1869 kom det første skipet med utanlandske turistar til Geiranger. I dag er Geiranger nest største cruisehamna i Noreg med om lag 200 cruiseskip-anløp kvart år. I tillegg kjem dagleg anløp av hurtigruta. I alt gjestar om lag 700 000 turistar kvar sommar Geiranger.

Fossar, fjord, fjell og fråflytte fjellgardar som klorer seg fast i bratthenga, har gitt Geirangerfjorden oppnamnet «Verdens vakraste fjord».[treng kjelde] Han står på UNESCO si verdsarvliste og mesteparten av Geirangerfjorden delområde av Vestnorsk fjordlandskap ligg innanfor Stranda kommune.

Den ideelle organisasjonen Storfjordens Venner har i ei årrekkje restaurert fleire av dei fråflytte fjellgardane, mellom anna ved hjelp av midlar frå Riksantikvaren og friviljugt arbeide.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for noverande Stranda kommune frå 1900:

1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6][7] 1.1.1961[6][7] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
3261 3101 3216 3911 4002 4474 4831 4825 4595 4656 4531

Kjende folk frå Stranda kommuneEndra

KjelderEndra

  1. Torvik, Arne Inge (2000): Om samferdsel i Møre og Romsdal. Del II: Samfunn og ferdsel. Utgitt av MRF, Molde.
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 25. desember 2004, henta 19. januar 2005 
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Stranda 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Sunnylven 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

BakgrunnsstoffEndra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.