Keith Ellis

Keith Ian Ellis (19. mars 194612. desember 1978) var ein engelsk bassist. Han var fødd i Matlock i Derbyshire.[1] Han er mest kjend som medlem av The Koobas, The Misunderstood og Juicy Lucy. Han var òg medlem av Van der Graaf Generator frå 1968 til 1969.[2] Ellis arbeidde med Mike Patto og Ollie Halsall i bandet Boxer frå 1975 til seint i 1976 då den originale besetninga vart oppløyst.[3]

Keith Ellis
Fødd19. mars 1946
FødestadMatlock
Død12. desember 1978 (32 år)
DødsstadDarmstadt
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–1978
Sjangerrock
Instrumentbassgitar
Verka sommusikar

Ellis døydde i Darmstadt i Tyskland i 1978 medan han var på turné med Iron Butterfly. Dødsårsaka er ukjend,[3] men journalist Ralph Heibutzki skreiv i 2011 i Ugly Things at det var eit overdosedødsfall.[4] Han etterlet seg enkja, Deborah.

Songen «Not For Keith» på albumet pH7 av Peter Hammill, (1979) var ei hyllest til Ellis.[5]

KjelderEndra

  1. Christopulos, J., and Smart, P., Van der Graaf Generator – The Book, p. 23. (Phil and Jim Publishers, 2005.) ISBN 978-0955133701
  2. «Keith Ellis». Vandergraafgenerator.co.uk. Henta 26. juli 2020. 
  3. 3,0 3,1 Christopulos and Smart, Van der Graaf Generator, p. 47.
  4. Heibutzki, Ralph, «Traveling Show: The Serendipitous & Surreal Six-Stringed Life & Times Of Ollie Halsall, part 3», Ugly Things, issue no.31, Spring 2011.
  5. «Sofa Sound». Sofa Sound. Henta 26. juli 2020.