PH7 av Peter Hammill

pH7
Studioalbum av Peter Hammill
Utgjeve September 1979
Sjanger Kunstrock, progressiv rock
Lengd 43:44
Selskap Charisma
Produsent Peter Hammill
Peter Hammill-kronologi
The Future Now
(1978)
pH7 A Black Box
(1980)


pH7 er det åttande studioalbumet til Peter Hammill, gjeve ut på Charisma Records i september 1979. Det var det siste Hammill-albumet på Charisma.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Sounds5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg [2]

Songen «Porton Down» syner til det militære forskingsanlegget Porton Down i Wiltshire i England, medan teksten på «Imperial Walls» er ei omsetjing av dei første få linjene av det engelsk-saksiske diktet «The Ruin».

Songen «Not For Keith» er ei hyllest til Keith Ellis, eit tidlegare medlem av bandet Van der Graaf Generator, som då nettopp var død.

«My Favourite» vart omarbeidd og nyinnspelt for Hammill-albumet The Love Songs i 1984.

«Faculty X» er ein referanse til synskheit i bøkene til Colin Wilson.

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«My Favourite»2:52
2.«Careering»4:06
3.«Porton Down»3:41
4.«Mirror Images»3:51
5.«Handicap and Equality»3:56
6.«Not for Keith»2:25
7.«The Polaroid»» (berre på den nordamerikanske utgåva)2:24
Side to
Nr.TittelLengd
7.«The Old School Tie»5:07
8.«Time for a Change» (Chris Judge Smith, Steve Robshaw)3:15
9.«Imperial Walls»4:16
10.«Mr. X (Gets Tense)»5:13
11.«Faculty X»4:58
Bonusspor på 2006-utgåva - opptak frå BBC Radio 1-programmet til John Peel
Nr.TittelLengd
12.«Mr. X (Gets Tense)»6:05
13.«Faculty X»4:50

MedverkandeEndra

TeknsikEndra

  • Peter Hammill - lydteknikar (Sofa Sound i Wiltshire)
  • Pat Moran – miksing (Rockfield Studios i Monmouth)
  • Rocking Russian – kunstverk
  • Dan Kirk – fotografi

KjelderEndra

  1. Couture, François. PH7 av Peter HammillAllmusic
  2. Sounds review