Kellogg Valley
Kellogg Valley er ein høg (1400 moh.) hengedal i Antarktis som stort sett er isfri. Han ligg mellom Mount Boreas og Mount Aeolus i Olympus Range i Victoria Land. Dalen munnar ut i nord til McKelvey Valley, 500 m nedanfor. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1997) etter ekteparet Thomas B. og Davida E. Kellogg som var glasiologar i Department of Geological Sciences og Institute of Quaternary Studies ved University of Maine, og som i fleire sesongar 1976–90 arbeidde i lag i McMurdo Sound-området, mellom anna på McMurdoisen, Rossisen, i Rosshavet og McMurdo Dry Valleys, der denne dalen ligg.
Kellogg Valley | |||
dal | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 77°29′S 161°11′E / 77.483°S 161.183°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kellogg Valley 77°29′00″S 161°10′59″E / 77.4833°S 161.183°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Kellogg Valley» (innhald frå Geographic Names Information System).