Kemp Peak
Kemp Peak er eit markant fjell, 340 moh, som ligg like søraust for Stefansson Bay. Det vart oppdaga i januar 1930 av British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Douglas Mawson og kalla opp etter dr. Stanley Wells Kemp, som var ein britisk marinebiolog og oseanograf og som leia forskinga i Discovery Investigations, 1924-36. Området vart så kartlagd i detalj av norske kartografar frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37. Dei kalla det Hornet, men australiarane som utforska området i l950-åra har identifisert det som Kemp Peak, som Mawson namngav tidlegare.[1]
Kemp Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Kemp Land | ||
• høgd | 340 moh. | ||
- koordinatar | 67°26′S 59°24′E / 67.433°S 59.400°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Kemp Peak 67°26′00″S 59°24′00″E / 67.4333°S 59.4°E | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kemp Peak» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Kemp Peak». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 14. januar 2013.