Kenny Lorenzo Harrison (fødd 13. februar 1965) er ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå Milwaukee, som internasjonalt tevla i tresteghopp. Han vart verdsmeister 1991 og olympisk meister 1996 i øvinga.

Kenny Harrison
Statsborgarskap USA
Fødd 13. februar 1965 (59 år)
Milwaukee
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

I OL-sesongen 1988 sette Harrison personleg rekord med 8,23 m i lengdehopp. Han satsa likevel meir på tresteghopp, men vart nummer fem i OL-uttaket i den øvinga. To år seinare tok han steget opp i verdstoppen i tresteg med eit hopp på 17,93 meter, det lengste i verda i 1990-sesongen. Året etter vann han alle dei åtte tresteg-tevlingane han deltok i, lengst hoppa han i verdsmeisterskapen 1991 i Tokyo, der han nådde 17,78 meter og vann, tre centimeter føre Leonid Volosjin frå Sovjetunionen. Dei neste sesongane sleit Harrison med skadar. Han lukkast ikkje å kome til Sommar-OL 1992 i Barcelona, og enda på tiandeplassen i Stuttgart-VM 1993.

Etter ei 15 månadar lang skadepause vann Harrison tresteghopp-tevlinga i dei US-amerikanske OL-uttaka 1996 då han i for sterk medvind landa på 18,01 meter. Under sommarleikane i Atlanta same sommaren gjorde Harrison sitt livs lengste tresteghopp, med 18,09 meter sikra han seg gullmedaljen framom verdsrekordhaldaren Jonathan Edwards, som stoppa på 17,88 meter. Harrison var den tredje som hoppa 18 meter i tresteg. Ved VM 1997 i Aten vart han niandemann.

Han la opp i 1998.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre