Milwaukee er ein by i delstaten Wisconsin i USA. Med sine 594 833 ibuarar er byen den mest folkerike i delstaten. Byen er administrasjonssenter for Milwaukee County. Byen ligg søraust i delstaten ved Michigansjøen, 130 km nord for Chicago.

Milwaukee
by
Milwaukee sentrum i 2023
Land  USA
Stat Wisconsin
Del av Southeast Wisconsin
Areal 250,849328 km²
Folketal 577 222 (1. april 2020)[1]
Kart
Milwaukee
43°03′N 87°57′W / 43.05°N 87.95°W / 43.05; -87.95
Wikimedia Commons: Milwaukee, Wisconsin

Milwaukee huser universiteta Medical College of Wisconsin, UW-Milwaukee, Marquette University, MSOE og fleire andre college.

Området var opphavleg folkesett av urfolka fox, mascouten, potawatomi og winnebago. Bynamnet «Milwaukee» er ei forvansking ab det indianske «Millioke» som tyder 'godt land'. Franske misjonærar og handelsmenn var innom området på 1600- og 1700-talet. I 1818 flytta handelsmannen og politikaren Solomon Juneau inn i området, og i 1833 grunnla han ein by på austsida av Milwaukee-elva. Den byen vart slått saman med Kilbourntown i vest og Walker's Point i sør og danna då Milwaukee.

Mange tyske og nederlandske emigrantar slo seg ned i Milwaukee og deira kulturarv pregar byen også i vår tid.

I løpet av 1800-talet og første halvdelen av 1900-åra voks folketalet mykje, med innflytting av innvandrarar frå Sentral-Europa og svarte frå sørstatane. På 1950-talet budde om lag 750 000 menneske i byen. Tap av industriarbeidsplassar og utflytting til forstadene har gjort at folketalet i sjølv byen er redusert til under &00 000.

Klima

endre

Vêrlaget i Milwaukee er sterkt påverka av det innlandsklimaet som råder i heile Midt-Vesten. I den kaldaste månaden januar er middeltemperaturen -3 grader Celsius, trass i at byen ligg på same breiddegrada som det nordlege Hellas og Tyrkia. I juli er middeltemperaturen 28 grader Celsius.

Næring

endre

Den mest kjende industriverksemda i Milwaukee er bryggerigiganten Miller Brewing Company, men firmaet sysselset mindre enn ein prosent av arbeidsstokken. Totalt sett står industri for 22 % av sysselsettinga, godt over det nasjonale gjennomsnittet i USA.

Milwaukee er heim til selskap på Fortune 500-lista som Northwestern Mutual, WEC Energy Group, Rockwell Automation, og Harley-Davidson.[2]

Kultur

endre

Sidan 1968 har Milwaukee husa musikkfestivalen Summerfest.[3] Den tyske kulturfestivalen German Fest blitt halden i byen sidan 1981.[4]

Media

endre

Milwaukee Journal Sentinel er einaste dagsavisa i byen og største avisa i Wisconsin. Ho kjem ut sju dagar i veka. Dessutan kjem vekemagasinet Shepherd Express ut.

Sport

endre

I dei store nordamerikanske sportsligaene deltar Milwaukee Brewers i baseball, Milwaukee Bucks i basketball og Milwaukee Admirals i ishockey.

Folk frå Milwaukee

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. Dill, Molly (21. mai 2018). «Wisconsin has 9 companies on 2018 Fortune 500 list». biztimes.com. Milwaukee Business News. Henta 7. mars 2021. 
  3. Yu, Isaac. «Is Summerfest in Milwaukee really the world's largest music festival? Here's how it stacks up against Coachella, Lollapalooza and others». Journal Sentinel (på engelsk). Henta 11. januar 2023. 
  4. «About Us», German Fest (på engelsk), henta 2. mars 2024 
  5. NFL snur om kneling mot rasisme. (6. juni 2020) nrk.no

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Milwaukee