For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ketisk språk.

Ket (russisk Кеть; selkupisk Ӄыыт) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 1621 km lang og har eit nedslagsfelt på 94 200 km². Elva har ei middelvassføring på 560 m³/s.

Ket
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 94 200 km²
Lengd 1 621 km
Middelvassføring 560 /s
Munning Ob
Kart
Ket
56°47′09″N 92°29′24″E / 56.785769°N 92.49004°E / 56.785769; 92.49004
Wikimedia Commons: Ket River

Elva frys til seint i oktober eller tidleg i november og er islagd til seint i april eller tidleg i mai. Dei største sideelvane hennar er Sotsjur, Orlovka, Lisitsa, Vesle Ket, Mendel, Jelovaja og Tsjatsjamga.

Seint på 1800-talet vart Ket-Kas-kanalen bygd for å knyte Ket til Store Kas, som munnar ut i Jenisej. Dette prosjektet gjorde Ket ein del av vassvegen mellom Ob og Jenisej. Dessverre vart kanalen lang og grunn, og var isdekt det meste av året. Kanalen klarte ikkje å konkurrere med den transsibirske jarnvegen og vart forlaten rundt 1921.

Kjelder endre