Opna hovudmenyen

Selkupisk er eit uralsk språk. Det høyrer til den sørlege delen av den samojediske språkgreina, og det er det einaste sørsamojediske språket som framleis har talarar. Andre sørsamojediske språk var mator, khoibalsk og kamassisk.

Selkupisk
(ostjakkisamojedi)
Klassifisering: Uralske språk
 samojediske språk
 sørsamojediske språk
Bruk
Tala i: Russland
Område: Sibir
Selkupisktalande i alt: 1023[1]
Rangering: Ikkje topp-100
Skriftsystem: kyrillisk
Offisiell status
Offisielt språk i:  
Språkkodar
ISO 639-2: sel
ISO 639-3: sel

I den russiske folketeljinga frå 2010 vart det registrert 3649 selkuparar og 1023 selkupisktalande.[1] I 1994 vart det vurdert at selkupisk hadde ca. 1570 talarar, som gav ein morsmålsprosent på godt under 50 %.

Selkupisk blir snakka i dei vestlege delane av Sibir, langs Taz-elva og mellom Ob og Jenisej.

DialektarEndra

Selkupisk har tre dialektar: nord-, midt- og sørselkupisk. Nordselkupisk er den største dialekten, dei to andre dialektane har færre enn 100 talarar kvar.

GrammatikkEndra

SyntaksEndra

Selkupisk er eit SOV-språk.

SkriftspråkEndra

Før den russiske revolusjonen vart det publisert ein del religiøse skrifter på selkupisk. Rett etter revolusjonen fekk selkupisk, som så mange språk i Sovjetunionen, eit eige skriftspråk, basert på det latinske alfabetet. I tråd med skiftet i den sovjetiske politikken i 1935 vart dette skriftspråket skifta ut med eit skriftspråk basert på det kyrilliske alfabetet.

ForskingshistorikkEndra

Selkupisk vart kartlagt av M.A. Castrén. Den viktigaste kjelda til kunnskap om selkupisk er notata til Kai Donner, som framleis ikkje er publisert.

FotnotarEndra

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

LitteraturEndra

  • Alatalo, Jarmo 2001: Phonological irregularities in Selkup morphology and their origin. Materialen zum internationalen uralistischen Symposium Diachronie in der synchronen Sprachbeschreibung, Hamburg 6-10 Oktober 1999. Finnisch-Ugrische Mitteilungen 23:1-9. Hamburg.
  • Alatalo, Jarmo : Sölkupisches Wörterbuch aus Aufzeichnungen von Kai Donner, U. T. Sirelius und Jarmo Alatalo. Zusammengestellt und herausgegeben von Jarmo Alatalo. XXX. 2004. XXVII + 465 s. (ISBN 952-5150-76-3)
  • Hajdú, Péter. Chrestomathia Samoiedica. Budapest 1968, s. 58–65.