Ketchikan
Ketchikan er ein mindre by (city) på Revillagigedo-øya i Alexanderarkipelet sør i den amerikanske delstaten Alaska. Han er den femte folkerikaste byen i Alaska med rundt 8 000 innbygjarar (2010).[1] Med kringliggjande forstader, særleg nord og sør for byen langs Tongass Highway som ofte blir rekna som tilhøyrande byen men også mindre busetjingar ein berre når med vasstransport, hadde staden eit folketal på 13 477 ved folketeljinga i 2010.[2]
Ketchikan | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Alaska | ||
Fylke | Ketchikan Gateway Borough | ||
Areal | 15,3 km² | ||
Folketal | 8 050 (2010[1]) | ||
Ketchikan 55°20′35″N 131°38′48″W / 55.343083333333°N 131.64669444444°W | |||
Wikimedia Commons: Ketchikan, Alaska |
Ketchikan blei skipa som by den 25. august 1900, og er dermed den eldste eksisterande byen (incorporated city) i Alaska. Andre stader har samanslåingar endra tilsvarande styresmakter. Byen ligg i Ketchikan Gateway Borough og har eit areal på 10,7 km².
Namnet «Ketchikan» kjem frå Ketchikan Creek, ei elv som renn gjennom byen til Tongass Narrows like søraust for sentrum. «Ketchikan» kjem frå tlingitnamnet på elva, Kitschk-hin, som har uklar tyding. Namnet kan tyda 'elva til Kitschk' eller 'dei tordnande vengjeslaga til ei ørn'.[3] På moderne tlingit blir namnet skrive Kichx̱áan.[4] Ketchikan Creek var ein sommarfiskeplass for tlingitfolk i fleirfaldige år før byen blei skipa her. Den første vestlege busetnaden blei grunnlagd av Mike Martin i 1885. Området nær munningen av Ketchikan Creek gav Ketchikan eit visst rykte i første halvdelen av 1900-talet med bordell på begge sider av elva i eit område kjend som Creek Street.
Eit av dei to postnummera til Ketchikan, 99950, skal vera det høgaste i bruk i USA.[5]
Ketchikan har verdas største samling av reiste totempålar, som ein finn spreidde ut over heile byen og på fire hovudstader: Saxman Totem Park, Totem Bight State Park, Potlatch Park og Totem Heritage Center. Dei fleste totempålane i Saxman Totem Park og Totem Bight State Park er attutskjeringar av eldre pålar, eit arbeid som byrja under Roosevelt-administrasjonen sitt Civilian Conservation Corps. Totem Heritage Center stiller ut 1800-talet totempålar frå fråflytta landsbyar nær Ketchikan.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «2010 Demographic Profile Data». United States Census Bureau. 2010. Henta 30. mars 2015.
- ↑ http://quickfacts.census.gov/qfd/states/02/02130.html6[daud lenkje]
- ↑ «Ketchikan». Britannica.com. 12. mai 2008. Henta 21. november 2010.
- ↑ Edwards, Keri. Dictionary of Tlingit. Juneau: Sealaska Heritage Institute, 2009.
- ↑ «Fun Facts - Postal Facts». about.usps.com. Henta 13. februar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Ketchikan» frå Wikipedia på engelsk, og «Ketchikan» frå Wikipedia på bokmål den 9. juni 2017.