Kfar Masaryk (כְּפַר מַסָּרִיק, tyder Masaryklandsbyen) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg vest i Galilea nær Beluselva og sør for Akko, og høyrer til Mateh Asher regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 598.

Kfar Masaryk
כְּפַר מַסָּרִיק
kibbutz
Kfar Masaryk i februar 2008.
Namneopphav: Masaryklandsbyen
Land  Israel
Region Vest-Galilea
Distrikt Nord distrikt
Kommune Mateh Asher
Koordinatar 32°53′26.87″N 35°5′58.91″E / 32.8907972°N 35.0996972°E / 32.8907972; 35.0996972
Folketal 780 (2015)
Grunnlagd 29. november 1938
 •  Grunnlagd av Austeuropeiske jødar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Kfar Masaryk
32°53′27″N 35°05′59″E / 32.890797222222°N 35.099697222222°E / 32.890797222222; 35.099697222222
Wikimedia Commons: Kfar Masaryk
Nettstad: www.kfar-masaryk.org.il

Grunnleggjarane var immigrantar frå Tsjekkoslovakia og Litauen som hadde slått seg ned i Petah Tikva i 1932. Året etter grunnla ei Kibbutz Czecho-Lita og flytta til Bat Galim i Haifa. I 1934 flytta dei til eit område med sanddyner nær Kiryat Haim og endra namnet på gruppa til Mishmar Zevulun. I 1937 kom det til ei gruppe polske immigrantar som var medlemmar av Hayotzer.

Trass i motstand frå Jewish Agency (som meinte sandjorda ikkje høvde seg for jordbruk) vart Mishmar Zevulun grunnlagd den 29. november 1938 som den 29. tårn- og palisade-busetjinga. I 1940 vart kibbutzen flytta til den noverande staden og han fekk namnet Kfar Masaryk etter Tomáš Garrigue Masaryk, den første presidenten i Tsjekkoslovakia

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre