Kfar Vitkin
Kfar Vitkin (hebraisk skrift כְּפַר וִיתְקִין, tyder 'Vitkinlandsbyen') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune og var den første jødiske busetnaden i dalen. I 2007 var folketalet 1 700.
Kfar Vitkin | |||
כְּפַר וִיתְקִין | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Sharonsletta | ||
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Heferdalen | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1930 | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Kfar Vitkin | |||
Wikimedia Commons: Kfar Vitkin | |||
Samfunnet vart grunnlagd i 1930 av ei gruppe på 20 menneske, og heldt i starten til i eit gammalt steinhus. Moshaven vart flytta til den endelege plasseringa i 1933, då grunnleggjarane flytta inn i nye bygningar, og vart kalla opp etter Yosef Vitkin, ein lærar og leiar i Arbeidarrørsla. Det første huset vart kalla «Beit HaRishonim» (Huset til dei første). Moshaven dekkjer 150 private gardar.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Kfar Vitkin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad (he)