Khalil Wazir

Khalil Wazir (10. oktober 193516. april 1988) eller Abu Jihad (arabisk أبو جهاد) var ein palestinsk militær leiar og grunnleggjar av det sekulære politiske partiet Fatah. Han var adjutanten til Yasir Arafat, som var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), og fekk dermed stor innflytnad på dei militære aktivitetane til Fatah, før han med tida vart leiar for al-Assifa, den væpna divisjonen i partiet. Dei israelske styresmaktene og størstedelen av det israelske folket såg på han som ein terrorist som var hjernen bak drapa på israelarane,[1] medan dei fleste palestinarane rekna han for å vere ein martyr som døydde motstand mot den israelske okkupasjonen.[2]

Khalil Wazir
Abu Jihad al-Wazir.jpg
Fødd10. oktober 1935
FødestadRamla
Død16. april 1988
DødsstadTunis
Andre namnخليل الوزير
KonfliktarPalestinian Fedayeen insurgency, Seksdagarskrigen, Slaget om Karameh, Sorte september, Den libanesiske borgerkrigen, Libanon-krigen 1982, Første intifada

Wazir vart flyktning som resultat av den israelske sjølvstendekrigen, og byrja å leie ein mindre fedayeenstyrkeGazastripa. Tidleg på 1960-talet etablerte han samband for Fatah med ulike kommunistregime og fremtredande leiarar frå den tredje verda, og grunnla Fatah si avdeling i Algerie. Han spela òg ei viktig rolle under stridane i Svarte september i Jordan i 1970–1971, ved å forsyne omringa palestinske krigarar med våpen og fyrstehjelp, men dei vart etter kvart pressa ut av den jordanske hæren.

Før og under Israel sin invasjon av Libanon i 1978 – som han hadde rømt til etter å ha vorte fordriven frå Jordan – sette han i gang ei rekkje åtak i Israel mot både sivile og militære mål. Etter at han gjekk i eksil frå Libanon med resten av Fatah-leiinga, busette Wazir seg i Tunis. Frå basen sin i den nye byen, skapte og organiserte han ungdomsutval i dei palestinske territoria, som etter kvart vart ryggrada til dei palestinske styrkane under den fyrste intifadaen. Han levde derimot ikkje lenge nok til å oppleve opprøret, for i 1988 vart han drepen i heimen sin i Tunis av israelske styrkar.

FotnotarEndra

  1. Noam Chomsky (januar 1996). «A Painful Peace: That's a fair sample». Z-Magazine. Henta 11. februar 2009. 
  2. «The Fallen Prince - 16 Years of the Assassination of Abu Jihad» frå International Press Center, 16. april 2004