al-Fatah (arabisk فتح‎) er ein del av den palestinske nasjonale frigjeringsrørsla, og er den største gruppa innanfor PLO.

Fatah

Skipa1959
HovudkontorRamallah
LeiarMahmoud Abbas
Ideologipalestinsk nasjonalisme, sekularisme
Nettstadhttp://www.fatehmedia.ps/ Sjå dette på Wikidata

Fatah er eit omvendt akronym av Harakat al-Tahrir al-Watani al-Filastini, «Palestinas nasjonale frigjeringsrørsle». Ordet «Fatah» tyder òg «erobring» på arabisk.

Al-Fatah vart skipa på slutten av 1950-talet av unge palestinarar, mellom dei Yassir Arafat. Målet deira var å frigjere Palestina frå det dei såg som ein israelsk okkupasjon. Somme har sett organisasjonen som ein terror-organisasjon, særleg i Israel. Partiet Fatah er i dag konsultativ medlem av den Sosialistiske Internasjonalen.

Fatah har ein pågåande konflikt med islamistrørsla Hamas, som kontrollerer Gaza. Fatah synest derimot å stå sterkare på Vestbreidda.

Fatah sitt ungdomsforbund Fateh Youth (Shabibet Fateh) er konsultativ medlem i IUSY, den internasjonale organisasjonen der også AUF er medlem.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Fatah